Denne helgen har Lasse og jeg fagsamling. Det vil si at vi underviser fra fredag til søndag i alle kroppsvektøvelser fra A til Å♥
En av deltakerne våre er Yngvar Andersen. En av norges første trenerprofiler og en helt fantastisk fyr! Han er nok mest kjent fra NRK serien Puls, og har etter min mening en formidlingsevne som får en sunn livsstil til å virke både oppnåelig og gjennomførbar for de aller fleste.
Det er utrolig stas å ha han med på helgens samling, og jeg har lyst til å dele innlegget han skrev i går på bloggen han har sammen med kona Liv. Hun er forresten redaktør til boken min Sterk utenpå, sterk inni♥
Inspirerende lesing! Syntes dere ikke?
«Eg var sikker på at det blei med tanken. Men det vart det ikkje!
Denne helga har eg verkeleg opplevd kor herleg det er å ta sats og berre hoppe i det!
Eg likar ikkje å seie ”ut av komfortsona”, sidan det meste vi i Norge brukar dette utrykket om, stort sett er blåbær samanlikna med ting andre rundt om i verda gjer som verkeleg er utanfor denne sona. Men det eg har gjort i dag og i går er i ytterkantane av mi komfortsone. Eg har nemlig vore på fagsamling i Calisthenics – i regi av dei herlege typane Jørgine Vasstrand og Lasse Tufte.
Kvifor er dette så stort og nytt for meg? Jo, det å stå på hove, stå på hendene og å gjere ulike turnliknande moment er ein del av treningsverda som fram til no har vore ukjent for min kropp. Eg har alltid vore stor tilhengar, og eg har hatt utruleg lyst til å kunne mestre dette, men sidan eg ikkje kunne det og måtte begynne på bar bakke, har det fram til no vore veldig behageleg å la vere og heller halde seg til dei andre tinga innan trening som eg mestrar. Eg kan jo tross alt ein del anna, etter å ha jobba med trening i heile mitt vaksne liv.
Vissheita om at eg ville møte ein stor gjeng med ukjente kursdeltakarar, samt super-atletande Jørgine og Lasse, var ein så pass stor utfordring at eg vurderte sterkt å finne på ei eller anna unnskyldning for ikkje å dukke opp.
I dag handla det om ”ny” trening for min del, men eg har også kasta meg uti djupt vatn både med sjakk og tegning dei siste åra – at det er så deilig å kjenne seg sterk nok og voksen nok til å vere akkurat så god eller dårlig som ein er. Det er ikkje særleg skummelt, eigentleg.
Men ting som vi, uansett alder eller andre utfordringar, per no ikkje kan, men har lyst til å forsøke oss på:
Det er jo berre å gjere det om du vil – og veldig stas viss du får det til. Men viss ikkje, så er det heilt greit det også!
Helsing nyfrelst med pers på tre sekund i handståande
Yngvar»
Om du vil sjekke ut bloggen deres, sjekk HER ♥
Ha en fin søndag alle sammen! Nå fyker jeg avgårde for å avholde siste dag av samlingen og dele ut kurssertifiseringer til den flinke gjengen vi har «hengt» sammen med de siste dagene.
Jørgine♥